Sand Småbåtforening.
Foto: Suldal Turistkontor.
|
Kontaktperson:
Andreas Nilsen
Adresse, kontaktperson:
Austmanns vn. 1, 4230 Sand
E-post:
VHF-kanal:
12 og 16
Lokalisering/Stad:
Sand
Posisjon:
Maks djupgåande:
Generelt maks 2,0 m, eller etter avtale kan 4,0 m brukast.
Innsegling:
Frå nord-aust.
Merknad til vindforhold:
Nei
Tal på gjesteplassar:
Påske: 43. Sommar: 20.
Pris pr. døger:
Påske kr. 75 og sommar kr. 50. I tillegg kjem straum: kr. 25 pr. døger.
Båthamna har også trådlaust internett. Det kostar kr. 20 pr. døger.
Fortøying:
Kai og uteliggere.
LITT AV DET DU FINN I NÆRLEIKEN!
Attraksjonar:
I gåavstand frå småbåthamna ligg Laksestudio i Sandsfossen, som er Suldals mest besøkte turistattraksjon, hovudsetet til Ryfylkemuseet - Nesasjøhuset og Kulturhuset i Suldal.
Merka turstiar:
Det er fleire merka turstiar i området rundt Sand. Fleire av desse starter på Eide - nokon km til fots frå båthamna. Lokalt turkart for Sand.
Utleige:
Sand Småbåthavn kan formidle utleige av småbåt. På Ryfylke Fjordhotel, som ligg like ved båthamna, har dei utleige av syklar. På bensinstasjonen, som også ligg like ved småbåthamna, har dei utleige av bilar.
Andre ting:
Sand er kommunesenteret i Suldal kommune. I sentrum ligg Suldal Turistkontor, og eit godt utval av butikkar, kunstgalleri, kafè og pub. Her finn du også legekontor, apotek, bank, post, bensinstasjonar og matvarebutikkar.
I gangavstand frå båthamna ligg Kulturhuset i Suldal, som har eit variert og godt program med alt frå opera til rockekonsertar. Kulturhuset har også kino, bowling, internett, bibliotek og kafè.
I Nordenden - på motsatt side av Sand sentrum i forhold til båthamna - ligg ei fin lita sandstrand.
Kart over Sand sentrum.
Årlege arrangement:
Juni: Ryfylkedagane .
Fasilitetar i nærleiken:
Apotek
Badeplass
Bankautomat
Bensin
Buss
Båtforhandlar
Båtutstyr
Daglegvare
Diesel
Elektrikar
Ferskvatn
Fryseboks
Hotell
Kafè
Kiosk
Kran/lift
Lege
Luftfylling
Mastkran
Motorservice
Oljetømming
Parkering
Postkontor (post i butikk)
Restaurant
Sjøsettingsrampe (300 m)
Straum
Søppelcontainer
Telefonkiosk (100 m)
Tilrettelagt for funksjonshemma
Toalett
Trådlaust internett
Tørketrommel
Vaskemaskin
Veterinær
Sist oppdatert 26.02.2015
|