Vinter i Suldal




Leik i snøen.
Foto: Rune Roalkvam.
Skitur i Gullingen-området.
Foto: Rune Roalkvam.

I Suldal kan du gå på skitur utan å gå i kø - vi har mykje plass å ta av! Her er ca. 70 km med oppkøyrde løyper av ulik lengde, og alle kan finne ei som passar si form.

I området ved Mosvatnet og Gullingen kan du stå på slalåmski, kjøre telemark eller gå vanleg turlangrenn. Lysløypa og flombelyst alpin- og skileikbakke gjer at du kan nytta kveldane til uteaktivitetar også om vinteren.

Gullingen Turistsenter er eit familievennleg skisenter med varmestove, skiutleige og vintercamping. Skitrekket er ope frå det kjem snø, og så lenge det er snøforhold til det. Skitrekket har T-krokar og 3 nedfartsløyper med ein høgdeforskjell på 175 meter.
Sjekk www.gullingen.no for meir informasjon om opningstider og føreforhold. Nytt i 2012 er Fun Park og Rattkjelkekjøring.

Terrenget rundt Gullingen ligg mellom 500 og 1300 meter over havet og har lang vintersesong med sikre snøforhold, for meir informasjon sjå www.suldal-skiinfo.no. Du kan også følgje på Facebook.