Laksefiske i Suldal i Ryfylke




Laksefiske i Suldalslågen.
Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no
"Lakseslykke" på 21.1. kg i Suldalslågen
Foto: Helga Møgedal, Suldalsposten.
Laksefiske i Suldalslågen.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.

I Suldal er det muleg å fiske etter laks i to elver – Suldalslågen og Hålandselva (Erfjord).

Laksefiske i Suldalslågen
Suldalslågen er elvestrekket frå Suldalsvatnet til Sand ved Sandsfjorden. På den 22 km lange strekninga renn elva stille og mektig gjennom eit variert natur- og kulturlandskap, avbroten av større stryk ved Juvet og den mektige, men berre få meter høge Sandsfossen nær utlaupet. Suldalslågen er ei populær lakseelv, men dei siste åra har og interessa for å fiske etter aure auka betrakteleg.
Brunaurefisket startar 1. mai og varar til 30. september, mens laksefisket startar 20. juli og varar til 30. september.

www.suldalslagen.no finn du meir informasjon om laksefiske i Suldalslågen.


Laksefiske i Hålandselva

Hålandselva, som renn ut i Hålandsosen i Erfjord, er og lakseførande. Elva er avhengig av god vassføring for at laksen skal gå opp.
Her startar laksefisket 15. juni og varar til 31. august. Døgnkvoten for fiske i Hålandselva er 3 laks/og eller aure (totalt 3 fisk).

Fiskekort for fiske i Hålandselva kan kjøpast på Suldal Turistkontor. For meir informasjon – ta kontakt med Turistkontoret på tel: , eller send ein e-post til


Reglar for fiske i elv

Utdrag frå reglar om fiskeravgift og fiskerkort: "Den som har fylt 16 år og som vil fiske på lakseførende strekning i vassdrag er pliktig til å betale fiskeravgift. Elv regnes vanligvis som lakseførende fram til en foss som laksen ikke greier å passere, eller til grenser fastsatt av fylkesmannen.
I tillegg må fiskeren kjøpe fiskekort for det strekket hvor han ønsker å fiske."

Fiskeravgiften kan betalast på Inatur sin nettstad.