Den idylliske strandstaden Jelsa




Noresjøen på Jelsa.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Blå dører på Noresjøen på Jelsa.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Jelsa kyrkje.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.

Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke, og blei sommaren 2008 kåra til den mest idylliske plassen i Rogaland av lyttarane til NRK Rogaland!

Dei små kvite husa på Noresjøen står framleis slik dei stod for 100 år siden. Den vakre trekyrkja på Jelsa er frå 1647, og Gottfrid Hentschel har laga renessansedekorasjon inne i kyrkja.
Bygninga som nå er blitt til Jelsa Skulemuseem blei i si tid reist som skulehus av midler frå den Riibergske Stiftelse i 1774.

Ryfylkemuseet driv omvisarteneste i skulemuseet og kyrkja. .

For meir informasjon, sjå nettsidene til Ryfylkemuseet

Ope for grupper på bestilling.


Prisar for omvisning
Vaksne: 60 NOK, barn kr 30,-
Barn under 3 år gratis.

Kvar søndag (11-17) i sommar vil Ryfylkemuseet opne bua like ved skulemuseet på Jelsa. Her blir det sal av is, lokal litteratur, Jelsa-produkt og lokalmat frå Ryfylke m.m. Opning 22.juni.


Gruppeomvisning heile året

Utanom sommarsesongen har Ryfylkemuseet ope for grupper på bestilling. Kontakt Ryfylkemuseet på tel. for meir informasjon

Les meir om kva som skjer på Jelsa på Alt for Jelsa!




Jelsaidyll

Eit Jelsa og ein fagnad
eit landskap og ein lagnad
Sveipt i himmelljos av eld
som på grendi skin i kveld

Så stille, å så stille
det vene, dette milde
Bølger kjem så veike hit
lenger ute der dei slit

Det er den rette gåte
å høyra soga låte
Sjå di lukke her på jord
er ein frodig teig ved fjord

Ein strandstad, her eg hamna
mitt Ryfylke eg famna
Finn di tru og kast di skyld
vakre Jelsa, min idyll


”Ryfylkediktaren”
INGE HÅVARD AARSKOG