Fottur i Suldal og i Ryfylkeheiane




Vassdalseggi 1658 moh. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto.no
På tur i Suldalsheiane.
Foto: Rune Roalkvam.
Jenta som "kyssa" elva.
Foto: Rune Roalkvam.

I fjellområda i Suldal er det eit godt utbygd turløypenett sommar som vinter. Uansett form og alder finn du ein tur som passar i Suldal!

Turtips
• Laks og spenstig arkitektur ved Sandsfossen! Høsebrua er arkitektteikna bru av Rintala Eggertson Arkitekter, og du kan gå rundtur ved Sandsfossen og laksestudio. Stopp punkt på Nasjonal Turistveg Ryfylke.
• Familievenleg tur i fjordlandskapet langs Bogsfjorden i Erfjord, Barkåsen på Jelsa eller rundt Grytevatnet på Ropeidhalvøya.
• Familievenleg område ved Gullingen. Fleire turalternativ frå Stølsrunden til topp tur til Reinsnuten.
• Opplev Suldalsdalføret på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten.
• Ryfylke geologi og flora kan du få kjennskap til i Dyraheio landskapsvernområde.Ta turen til Stranddalen turisthytte, Stavanger turistforening si ”Perle i Ryfylkeheiane”.
• Kraft arkitektur og tradisjonell kultur kan du få med deg på ein rundtur på Nesflaten.
Turen passar også for barnevogn og rullestol.

Kart kan du laste ned her:
Nesflaten, Suldalsosen, Sand, Jelsa, Erfjord, Vanvik, Ropeidhalvøya og Mosvatnet/Gullingen. 
Fleire turar finn du også på ut.no, her kan du også laste ned løyper til GPS.

Guida fottur
Kan du tenkje deg ein tur med ein erfaren fjellførar frå Suldal? Topptur eller berre nokon som kan vise deg spennande deler av Suldal? For meir informasjon - kontakt Eventus på tel (+47) 95 94 41 28 eller sjå www.eventus.no


Stavanger Turistforening sine løypar i Suldal og i Ryfylkeheiane
Vil ein gå litt lengre turar sluttar eller startar mange av Stavanger Turistforening sine løypenett her i Suldal. Merka løypar knyttar saman alle hyttene til Stavanger Turistforening, og på hyttene kan du overnatte og laga deg mat.

Stranddalshytta i Ryfylkeheiane er ei av dei mest populære hyttene til Stavanger Turistforening. Hytta ligg 2-3 timar til fots frå Øvre Moen eller Kvilldal inn i Dyraheio Landskapsvernområde.
Hytta er betjent i sommarsesongen, og serverer komle tysdag, torsdag og søndag. For bestilling av rom o.l. i sesongen - ring tel: 0088 16 21 44 14 54,e-post:booking@stranddalshytta.no

Dei flottaste turane i Suldal og Ryfylkeheiane
Nokon av dei flottaste turane - både dagsturar og turar over fleire dagar - på sommarstid i i Suldal og i Ryfylkeheiane har me samla her - flotte turar i Suldal.


Pilegrimsvegen frå Suldal til Røldal
Frå Suldal til Røldal går det ein gamal pilegrimsveg. Vegen er skilta med eigne pilegrimskilt frå Engjaland og over til Botnen.


Bli Nutfant/Turfant i Suldal!
I fleire av grendene i Suldal kan du bli Nutfant/Turfant, ved å gå opp på nokon av dei lokale nutane og skrive namnet ditt inn i ei lita bok. Når du har vore på alle toppane, skriv du "Nutfant" etter navnet ditt.

Sand IL har valgt ut 6 nutar: Hellandsnuten, Liafjellet, Reinsnuten, Onglanuten, Skardsnuten og Natlandsnuten.
Når du har vore på alle toppane, får du ein Nutfant-medalje. Du kjem også med i ei annonse i Suldalsposten. Det er og trekning av ein premie for kvar nut. Bøkene blir skifta ut i slutten av oktober.

I Erfjord ligg det nutabøker på Osberg, Kleppsnuten, Hegreheia, Bergsnuten, Kleppsvatnet, Erøy Rundt og Reinsnuten (i Erfjord). Har du vore på 6 av desse 7 plassane blir du turfant. Også her blir bøkene skifta ut i oktober.

Hylsfjorden IL brukar også leggje ut notisbøker på ulike plassar i Vanvik kor turfolk kan skriva namnet sitt  Bøkene ligg ute frå medio juni til slutten av august. Kontakt med Sondre Løland på tel: 930 21 283 for meir info.

På nettstaden www.skipevag.com finn du ein pdf som viser sånn nokon lunde kor stien til Sellandsnuten går.


Turorientering i Suldal
Suldal O-lag har 60 turorienteringspostar ute i ulike fjell- og skogområde. Konvolutt med kart og kontrollskjema kan kjøpast på Sand Sport. For meir informasjon om orientering i Suldal - sjå nettstaden til Suldal O-lag


Sjekk turvêret!

www.yr.no er det no laga til ei eiga side med vêrmelding for ”reiselivsstader” i Noreg. I Suldal kan du ved å gå inn på denne linken få vêrmelding for området rundt føljande turisthytter: Krossvatn, Kvanndalen, Sandsa, Stranddalen, Mostølen og Bleskestadmoen.

Allemannsretten
• Ta hensyn til utmarksnæringane
• Lukk igjen grinder etter deg
• Vis hensyn til andre brukarar av utmarka
• Forstyrr ikkje dyr og fuglar
• Alt vilt er freda med unntak av lovlig jakt
• Det er båndtvang fra 1.april og så lenge husdyra beiter