Norges største energimagasinet - Blåsjø i Suldal




Energimagasinet Blåsjø i Suldal. Foto: Anne Lise Norheim
På sykkeltur i Blåsjø-området i Suldal.
Foto: Anne Lise Norheim
Ta turen opp til Blåsjø - det største energimagasinet i Norge! Blåsjø har ei overflate på 82 km2, og vert halden på plass av 11 store og små dammar. Damanlegget er ein del av Ulla-Førre utbygginga (1974 og 1988).


Rekordar i Blåsjø-området
Damanlegget til Blåsjø inneheld fleire norgesrekordar, m.a.:
- Oddatjørndammen, som med sine 140 m er den høgaste fyllingsdammen i Norge
- Førrevassdammen, som er den største betongdammen i Norge, og
- Storvassdammen, som er den største fyllingsdammen i Norge.


Vegen inn til Blåsjø opnar vanlegvis i juli

Vegen inn til Blåsjø brukar opne i juli. Då kan du køyre inn til Oddatjørndammen (ca. 23 km frå Gullingen Turistsenter) og til Førrevassdammen (ca. 28 km frå Gullingen Turistsenter). Vegen inn til Storvassdammen er stengt med bom. Mykje snø kan utsette opninga. Ta kontakt med Suldal Turistkontor på tel: 52 79 05 60 for meir informasjon.


Finn plasseringa av Blåsjø på eit kart!