I Suldal finn du eit godt utbygd turløypenett- uansett form og alder finn du ein tur som passar! Foto: Kjetil Brekke/ SuldalFoto
|
VELKOMMEN TIL HAUSTFERIEVEKE MED MANGE
KJEKKE OPPLEVINGAR I SULDAL
Fredag 3. oktober kl. 18.00, Kulturhuset
MOTESHOW 2014
Handelsstanden Sand viser haust- og vintertrender
og mote på catwalken. Underhaldning, utdeling av
gåvekort, servering av drikke og snacks. Butikkane
er opne frå kl 19.30 til kl. 21.00. Alle hjarteleg
velkomne.
Inng. kr. 80,- (kun kontant bet, ikkje kort)
Arr: Handelsstanden Sand ved Bustad, Krambua,
Gåvebua, Skohjørna, Ragnhilds
Laurdag 4. oktober kl. 10.00 til 16.00,
Bergekrossen
MØGEDALSMARKNAD
Velkomne til Suldal sin årlege haustmarknad!
Tradisjonen tru vil det bli vèrlamkåring, følmønstring,
auksjon og anna underhaldning for store og små.
Lokale utstillerar. Sal av grillmat, handarbeid, husflid og
lokale matvarer. Gratis inngang, med loddtrekking av
ein flott premie på inngangsbilletten.
Arrangør: Møgedal Mekaniske Verkstad As
Marknaden held fram
på Ryfylke Turisthotel med levande musikk
av Bent Stølås. CC kr. 100,-
Søndag 5. oktober kl 11.00, Erfjord kyrkje
Avskjedsgudsteneste
med sokneprest i Jelsa og Erfjord.
Arr: Kyrkja i Suldal
Søndag 5. oktober kl. 10.00, Markosvatnet
tur til Augnstølsvatnet
Dette blir ein middels krevjande dagstur.
Start ved Markosvatnet.
Arr: Suldal Turlag
Haustferie på kulturhuset 5.-11. oktober
Haustferieaktivitetar
i kulturhuset
Kino kvar dag, ekstra ope i bowlingen og mykje kjekt
på bibliotek og kafe, Kom innom og gjer noko kjekt!
6. - 11. oktober
Nesasjøhuset
Haustferieaktivitetar
på museet
Arr. Ryfylkemuseet
Tysdag 7. oktober kl. 19.00, Kulturhuset
Tora Liv Thorsen
Men tanken var ikkje fattig.
Eit kåseri om Pilt-Ola og Lysefjorden
Arr: Suldal Sogelag
Laurdag 11. oktober kl. 13.00, Kulturhuset
Utstillingsopning
med Kirsten Opstad
Kirsten Opstad er fødd på Nærbø. Opstad er ein
kreativ og mangfaldig kunstnar, både med penn og
blyant. Dikt og tekst følgjer gjerne med bileta, som
er direkte, stimulerande og inspirerande. Kanskje
ungdom kan kjenna seg att i bileta hennar, så vel
som alle andre. Utstillinga er open til 25. oktober.
Arr. Ryfylke kunstlag, Suldal kunstlag
og Kulturhuset i Suldal
Sist oppdatert 08.09.2014
|