Påske i Suldal

Ski og vinter - rusletur med familien - båtliv og lune hamner - kino og bowling -


Leik i snøen.
Foto: Rune Roalkvam.
Sand Småbåtforening.
Foto: Suldal Turistkontor.
Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.
Høsebrua ved Sandsfossen - Nasjonal Turistveg Ryfylke. Rintala Eggertsson Arkiekter.Foto: Kjetil Brekke/ Suldal Foto

Ski og vinter
I området ved Mosvatnet og Gullingen kan du stå på slalåmski
eller gå vanleg turlangrenn.
Sjølv om det er tidleg vår i fjellområda våre dette året så er det fine forhold til
langrenn i Breiastøldalen (10 km t/r). Me vil anbefale løypa til Langeli (9 km t/r) med oppstart i Breiastøldalen. Terrenget rundt Gullingen ligg mellom 500 og 1300 meter
over havet, for meir informasjon sjå www.suldal-skiinfo.no.

Gullingen Turistsenter er eit familievennleg skisenter
med varmestove, skiutleige og vintercamping. Skitrekket
er ope frå det kjem snø, og så lenge det er snøforhold til
det. Skitrekket har T-krokar og 3 nedfartsløyper med ein
høgdeforskjell på 175 meter, barnetrekk, Fun Park og kjelkekjøring.
Sjekk www.gullingen.no for meir informasjon om opningstider
og føreforhold.

Ta deg ein rusletur med familien- her er nokre tips!!
• Rundtur med laks og spenstig arkitektur ved Høsebrua og Sandsfossen! Fin rusletur ved Sand sentrum like ved Nasjonal turistveg Ryfylke. (3km,1t, grøn).
• Ein avstikkar frå Nasjonal turistveg Ryfylke kan du også gjere i Erfjord, og få med deg ein fin tur i fjordlandskapet på Erøy rundt (2t, grøn/blå).
• Fjordlandskapet kan du oppleve på familievenleg tur til Barkåsen (2t, grøn) på Jelsa, eller til Grytenuten (8 km, 5t, blå) på Ropeidhalvøya.
• Opplev Suldalsdalføret på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet (6 km, 2t, grøn) eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten (4 km, 2t, blå).

Båtliv og lune hamner
Eit betre utgangspunkt for båtliv enn Ryfylke skal
ein leite lenge etter! I Suldal finn du fleire godt tilrettelagte og vakre uthamner, m.a. Barkaneset
og Skaholmen/Berge i Økstra-fjorden og i Sjubbeholsvågen i
Vatlandsvåg (sjå ryfri.no for meir informasjon). Me har også
fleire gode gjestehamner - både i Erfjord, på Jelsa, i Marvik, i
Vatlandsvåg og på Sand. Meir informasjon om gjestehamnene
i Suldal finn du i menyen til venstre. 

PÅSKE PÅ RYFYLKEMUSEET:
Måndag 14.april : Ope på Nesasjøhuset kl. 9-15.
 Kl. 12: Leit etter påskeegg i «Kvitebjørnen»
 Kl. 18.30: Konsert «Blå tonar frå Suldal» med Terje Bråtveit og Einar Olsen. Kafè.  Bestilling av billettar innan 8.april
 Kl. 20.00: Konsert «Blå tonar frå Suldal» med Terje Bråtveit og Einar Olsen. Kafè.  Bestilling av billettar innan 8.april
Tysdag 15.april: Ope på Nesasjøhuset kl. 9-15.
 Kl. 12: Leit etter påskeegg i «Kvitebjørnen»
Onsdag 16.april: Ope på Nesasjøhuset kl. 9-15.
 Kl. 12: Leit etter påskeegg i «Kvitebjørnen»
Laurdag 19.april, Påskeaftan: Ope kl. 11-15. Kl. 12 Leit etter påskeegg i «Kvitebjørnen»

Utstillingar:
o Barneutstillinga «Kvitebjørnen»
o «Mitt Ryfylke»

Butikk og kafè:
o     Lokal litteratur og lokale produkt, smykke.
o     Kaffi og vaflar, stort utval  aviser.
www.ryfylkemuseet.no


Arrangement

Kulturhuset
Ekstra kinoframsyningar og og ekstra opningstider i
bowlingen. Sjå www.suldal.kulturhus.no for program

12. - 13. april, Gullingen
Gullingen (Zporty) Snøfestival
Snøleik og konkurransar for barn og vaksne.
Sjå program på www.zporty.no
Arr: Zporty

Laurdag 12.april, Gullingen skisenter
Kjelkekjøring 17.30 - 21.00
Pizza kveld!
Arr. Gullingen turistsenter

Laurdag 12. april kl. 13.00, Kulturhuset
OPE DØR 2
Kunstutstilling. Utstillinga kan sjåast i
Kulturhuset sine opningstider fram til 3. mai.
Arr: Ryfylke Kunstlag

Søndag 13. april kl. 10.00, Hamrabø
Bli med på årets
Påsketur til Skaulen
Me startar i Hamrabø. Det blir ein krevjande skitur med
ca. 1000 meters stigning. Me set av heile dagen. Ta med
rikeleg med mat og drikke.
Arr: Suldal Turlag

Palmesøndag 13. april kl. 18.00, Kulturhuset
Konsert
Kim Andre Rysstad, Trym Bjønnes og Helga Jacobsen
”Det største treet” med religiøse folketoner
og andelege viser. Konserten er rolig, meditativ og
inneheld mykje trestemt song, samt litt akustiske
gitarar og eit gamalt pumpeorgel som er restaurert
for anledninga.
Arr: Kulturhuset

Onsdag 16. april (Onsdag før skjærtorsdag)
Ryfylke Fjordhotel
Taco Buffet kl 1800-2100
Voksne    Kr. 165,-
Barn 3-14 år    Kr.   65,-
Arr: Ryfylke Fjordhotel

16.april, kl. 14-18, Skattkammeret på Nes (Sentrumsbygget på Nesflaten)
Kjøttkakemiddag, påmelding tlf. .
Arr. Skattkammeret på Nes

Torsdag 17.april, Gullingen skisenter
Kjelkekjøring 17.30 - 21.00
Pizza kveld!
Arr. Gullingen turistsenter

Laurdag 19. APRIL  -   PÅSKEAFTEN  Kl 1900-2100
Ryfylke Fjordhotel
Stort påskekoldtbord & dans til Arve og Olav
Koldtbord  & dans   Kr. 345,-
Kun inngang - etter kl 2200  Kr. 150,-
Bindende bordbestilling!
Aldersgrense påskeaften; 23 år
Arr: Ryfylke Fjordhotel

19.april, kl 17.00 Roalkvam, Nesflaten
Påskerebus og aktivitetar for store og små, servering av betasuppe.
Påmelding tlf. .
Arr. Skattkammeret på Nes

Påskeaftan 19.april
Påske – pub på Mo Laksegard
Opnar kl 2030
Arr. Mo Laksegard

Gudstenester i kyrkjene i Suldal
Palme søndag:
Nesflaten kapell kl. 11.00
Marvik kapell kl. 19.00

Skjærtorsdag:
Gullinghuset kl. 11.00
Suldal kyrkje kl. 19.00

Langfredag:
Marvik kapell kl. 11.00
Sand kyrkje kl. 19.00

1. Påske dag
Sand kyrkje kl. 09.00
Jelsa kyrkje kl. 11.00
Suldal kyrkje kl. 11.00


Velkommen til påske og vår i Suldal!