Påskeferie i Suldal!

Ski - snø - kino - bowling - utstillingar. Velkommen til påskeferie i Suldal!


Gullingen Skisenter har 3 nedfartar med ulik vanskegrad, lengste løype er 1200 meter. Fun Park, kjelkekjøring og varmestove med matservering. Foto: Rune Roalkvam
Leik i snøen.
Foto: Rune Roalkvam.

Dei fleste forbinde vinterferie med snø og ski.

Det har me store mulegheiter for i Suldal. I Gullingen-området er det mange oppkøyrde skiløyper, skileik og Gullingen skisenter. Du finn oppdatert informasjon om snødjupne og kva skiløyper som er preparert på: www.suldal-skiinfo.no. Her kan du også laste ned og skrive ut ditt eige løypekart. Følg også løypekjøraren i Suldal på Facebook. Skiorientering finn du her

Kafeliv, handel og kulturelle opplevingar får du på Sand!


Her er litt av det som skjer i påskeferien
frå fredag 28. mars - mandag  6. april


Laurdag 28.3 kl 17-21
Kjelkekjøring, Gullingen skisenter
Arr. Gullingen skisenter

Laurdag 28.3
Nesasjøhuset, kl. 11-15
Gi-og-ta Gjenbrukskafé: Gi minimum eitt plagg og ta med så mange du vil
Bokbaluba: Gjer eit kupp! Gi-bort-pris på museumsbøker
Arr. Ryfylkemuseet

Søndag 29.mars
Forteljarkonsert Sand kyrkje, kl 19.00
Arr. Distriktsmusikarane i Ryfylke/ Kyrkje i Suldal

Søndag 29. mars, kl 11.00-16.00
Påskekafe og butikk på Gullinghuset
Arr. Solvang Alpakka

Søndag 29. mars
Skitur til Såta i Kvildalsheia
Krevjande tur.
Arr: Suldal Turlag

Måndag 30.3 til onsdag 1.4 kl. 10-16
Påskekrim, Nesasjøhuset
Løys påskemysteriet på museet
Arr. Ryfylkemuseet

Onsdag 1. april (Onsdag før skjærtorsdag)
Ryfylke Fjordhotel
Taco Buffet kl 1800-2100
Voksne    Kr. 165,-
Barn 3-14 år    Kr.   65,-

Skjærtorsdag 2.april
Mo i Sandsbygda, skulehuset
Sildabord med Sildakongen, sal av antikvitetar og auksjon.
Arr. Sildakongen og Mo Laksegard

Skjærtorsdag 2.april og langfredag 3.april
frå kl 11.00 - 15.00
Gullinghuset
Hundekøyring - 6 ivrige trekkhundar med hundeslede.
Pris pr. tur kr 200,- Turen tek ca 15 min.
Arr. Tommy Haugen

Torsdag 2.april kl 17-21
Kjelkekjøring, Gullingen skisenter
Arr. Gullingen skisenter

Påskeaftan 4. april kl. 12.00
Uoffisielt NM i miniski på Torjå på Sand
Sprint 20 m, åpen klasse
Påmelding til eller SMS til 906 84 861 fram til kl 11.00.
Sal av grillpølser, vafler, saft og kaffi i teltet.
Arr. Handelsstanden på Sand.

Lørdag 4. april  -   PÅSKEAFTEN 
Ryfylke Fjordhotel
Stort påskekoldtbord kl 1900-2100 & dans
Koldtbord  & dans   Kr. 345,-
Kun inngang - etter kl 2200 Kr. 150,-
Bindande bordbestilling!
Aldersgrense påskeaften; 23 år


Ryfylke Fjordhotel - åpningstider restaurant;
• Kl 1300 – 1800  Småretter, smørbrød, pizza, dagens lunsj à kr 165,-
• Kl 1300 – 2100  Barnemeny
• Kl 1800 – 2100  Kveldens 2 retters middag Voksne kr 295,- / Barn u/14 år kr. 95,-
• Kl 1800 – 2100  À-la cartemeny med egne priser

Ellers sal av mineralvann – kaffe – kaker heile dagen.  Alle rettar!
After-ski alle dagar på flotte uterestaurantar

Kulp bistro og catering: Eigen påskemeny kvar dag frå
kl. 10.00 (12.00) til kl. 21.00. Tlf. 951 53 232

Fargeriet kafe: Lokale matretter og smårettar frå kl. 10.00. Tlf.

Kulturhuset har ekstra kino og ope i bowling.
Sjå www.suldal.kulturhus.no for program

Dei fleste av våre butikkar har følgjande opningstider i påska:
Laurdag 28. mars kl. 10.00 til 15.00
Måndag 30. mars kl. 09.00 til 18.00
Tysdag 31. mars kl. 09.00 til 18.00
Onsdag 1. april kl. 09.00 til 14.00 (16)
Påskeaftan 4. april kl. 10.00 til 15.00

Bensinstasjonar, serveringsstader og matvarebutikkar har lengre opningstider.

Gullingen skisenter har ope kvar dag kl 10-16.

Knapphus og SuldalTur køyrer skibuss til Røldal kvar dag i påskeferien. Sjå meir informasjon på http://kstur.no/turer.


Velkommen til påskeferie i Suldal!