Velkommen til vinter i Suldal!
Gullingen Skisenter har 3 nedfartar med ulik vanskegrad, lengste løype er 1200 meter. Fun Park, kjelkekjøring og varmestove med matservering. Foto: Rune Roalkvam
Gull-Spor as med Bjørn Egil Nerheim i spissen som har god hand om løypekjøringa! Foto: Bjørn Egil Nerheim
Ryfylkemuseet si utstilling Kvitebjørnen
|
Snøgleder på Gullingen!
I Suldal kan du gå på skitur utan å gå i kø - vi har mykje plass å ta av! Her er ca. 70 km med oppkøyrde løyper av ulik lengde, og alle kan finne ei som passar si form.Terrenget rundt Gullingen ligg mellom 500 og 1300 meter over havet og har lang vintersesong med sikre snøforhold.
Langrennsløypene ved Mosvatnet/Gullingen, inkludert lysløypa,blir oppkøyrd frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for det. Løypene blir preparert når vêr og føre tillet det. Det er eiga oppkøyrd løype for hund i Breiastøldalen. Heia ventar også på deg som vil gå milevis utanfor oppkøyrde løyper! På www.suldal-skiinfo.no. finn du til ein kvar tid oppdatert snø og løypeinformasjon.
Gullingen Skisenter
Gullingen Skisenter har 3 nedfartar med ulik vanskegrad. Lengste løype er 1200 meter og høgdeforskjellen er 137 meter. Ein heis med T- krok, Barnetrekk, Fun Park og kjelkekjøring. Varmestove, mat
og drikke. Kiosk. Skjenkebevilling. NB-Trekket har ikkje ope viss det ikkje er nok snø!
For meir informasjon om snøforhold i skitrekket og opningstider - sjekk www.gullingen.no, ring Gullingen Turistsenteret på tel: eller følg Gullingen Skisenter på Facebook!
Gull-Spor as
Det er Gull-spor as med Bjørn Egil Nerheim i spissen, som tar hand om løypekjøringa på Gullingen.
For spørsmål og meir informasjon ta kontakt på e-post eller tlf. . Følg Løypekjøraren på Gullingen på Facebook!
Bålstova - friluftshus
Det nye friluftshuset på Gullingen, Bålstova, er no klar til å brukast. Bålstova ligg om lag 100 meter frå skileikeplassen på Gullingen leirskule, rett ved Barneløypa. Leirskulen bruker huset i undervisningssamanheng, og til kveldssamlingar og overnatting i vekedagane, men huset er òg ope for ålmenta.
Kafé liv, handel og kulturelle opplevingar på Sand
Ved Sandsfossen og laksestudioet har me fått på plass ei ny bru gangbru over Suldalslågen, Høsebrua. Dette er ein del av arkitektur attraksjonane ved Nasjonal Turistveg Ryfylke. Ta deg gjerne ein rusletur over denne når du er på Sand for å handle og oppleve kulturtilbod. Besøk også Kulturhuset i Suldal som har aktivitetar sju dagar i veka, og Ryfylkemuseet på Nesasjøhuset.
Nokre tips til rusleturar for dei som ynskjer eit alternativ til ski
-Rundtur med laks og spenstig arkitektur ved Høsebrua og Sandsfossen! Fin rusletur ved Sand sentrum like ved Nasjonal turistveg Ryfylke. (3km,1t, grøn).
-Ein avstikkar frå Nasjonal turistveg Ryfylke kan du også gjere i Erfjord, og få med deg ein fin tur i fjordlandskapet på Erøy rundt (2t, grøn/blå).
-Fjordlandskapet kan du oppleve på familievenleg tur til Barkåsen (2t, grøn) på Jelsa, eller til Grytenuten (8 km, 5t, blå) på Ropeidhalvøya.
-Opplev Suldalsdalføret på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet (6 km, 2t, grøn) eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten (4 km, 2t, blå).
Aktivitivitetar og arrangement
21.-februar 2.mars
Vinterferie i Suldal, ulike arrangement for barn og unge
Laurdag 15.mars kl 11-15.
Kom te oss
- open dag for store og små ved Gulling-huset.
Gullingen - Jyseligt gildt. Heile familien.Heile sjela. Heile året.
For meir informasjon sjå www.gullingen.info
Arr: Gullingen turistsenter, Fjellbergskardet hyttegrend,
Mosvatnet hyttegrend, Gullingen Utviklingsselskap
og Suldal kommune
11.-21.april
Påskeferie, arrangement for for barn og unge
12.-13.april
Zporty Snøfestival, Gullingen
Snøleik og konkurransar for barn og vaksne,
Sjå program på www.zporty.no
arr. Zporty
Sist oppdatert 03.02.2014
|