På sykkeltur i Blåsjø-området i Suldal.
Foto: Anne Lise Norheim
Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.
|
Hausten er her og me vonar at du kan få nokre flotte dagar i Suldal. Nedanfor finn du litt av det som skjer i haustferieveka 3.-11. oktober 2015.
Laurdag 3. oktober kl. 10.00 - 16.00
Bergekrossen
MØGEDALSMARKNAD - 30-ÅRSJUBILEUM
Jubileet vert ekstra i år med ulike tilbod og underhaldning.
På scena kjem « Tore på Sporet» Strømøy! For store og små kjem magikaren Johann Opheim med
showet «Magi og humor» Lokale utstillarar feirar i lag med oss med lokal mat, handarbeid, husflid og mykje anna. Gratis inngong og gratis marknadsbuss frå Gata og Garaneset på Sand.
Arr: Møgedal Mekaniske verkstad
Marknaden held fram på Ryfylke Fjordhotel med
trubaduren Ingvald Alvseike. CC kr 100,-
Søndag 4. oktober - 11. oktober,
Kulturhuset
HAUSTFERIE PÅ KULTURHUSET
med kino kvar dag, ekstra ope i Bowlinga og kjekke arrangement.
Arr: Kulturhuset i Suldal
Måndag 5. oktober til
10. oktober, Nesasjøhuset
HAUSTFERIE PÅ RYFYLKEMUSEET
Workshop med haustblader:her kan du lage fine ting.
Vi har ope i våre utstillingar Kvitebjørnen og Mitt Ryfylke og vi har gode vaflar i kafeen.
Sjå www.ryfylkemuseet.no for utfyllande program
Tysdag 6. oktober kl. 19.30, Kulturhuset
VILLMARKSJENTA
Maria Grøntjernet (18), betre kjent som Villmarksjenta har reist åleine på overnattingsturar i norsk natur og villmark sidan ho var 13 år. For henne har turgleda, fridomen og kjensla av meistring blitt
noko ho er blitt avhengig av. Ho gjekk m.a. Norge på tvers som 16-åring. Ho brukte 50 dagar. TV 2 sendte ein dokumentar om henne for to år sidan. I 2013 blei ho kåra til «Årets Villmarking».
Arr: Suldal Kulturhus
Onsdag 7. oktober kl.13.00, Kulturhuset
SNEHVIT DUKKETEATER FOR BARN
Dokketeater er alltid kjekt og denne gongen vitjar Rickettsia oss. Dette er ei forestilling som høver godt frå 6 år og oppover. Bill: Kr. 50,-
Laurdag 10. oktober,
kl. 12-16, Litunet
LOPPER PÅ LI
Loppemarknad og sal av mat og drikke. På tunet blir det ein koseleg loppemarknad med kler, bøkjer og mykje anna. Ta med dine gamle lopper og finn deg nokre nye.
Arr. Ryfylkemuseet
Handelsstanden Sand ynskjer deg velkommen til ein triveleg handel!
Kjernetida er
mån, tys, ons, fre. 09.00. 1600
torsdag 09.00. 1800
laurdag 10.00. 14.00
Bensinstasjonar, serveringsstader, matvarebutikkar har andre opningstider.
Elles så er haustferien også ein fin tid for flotte fotturar.
Mange turforsalg finn du på kartet Suldalsheiane 1: 50 000.
Likar du å leita etter skattar og oppdaga nye stader?
Då kan du prøve GEOCACHING! Rundt om i kommunen og på kloden ligg det små og store skattar gøymde, ved attraksjonar, stoppestader, turstiar mm. Skattane varierar i frå bittesmå metallhylser med ein liten logg til store boksar med mykje rart i. For å komme i gang med GEOCACHING lastar du ned appen GEOCACHING til mobilen din. Ta gjerne ein kikk på www.geocaching.com som er den offisielle nettsida for denne kjekke aktiviteten!
Velkommen til kjekke dagar i Skattkammeret Suldal!
Sist oppdatert 16.10.2015
|