Padling




Kanopadling på Sandsavatnet. Foto: Elin Tjordal Haugen
Padle Akademiet har base på Mo i Suldal og tilbyr høgfjellspadling på Blåsjø, Suldalsvatnet, Økstrafjorden,Hylsfjorden og kanopadling på Mosvatnet. Foto: John Iver Berg

Padling
Det er mykje vatn og mange vassdrag i Suldal og du kan få flotte padleopplevingar
i både fjord, elv og vatn.For å padla i fjordane vil me tilrå at du har den nødvendige kunnskapen
og brukar havkajakk, i mindre vatn kan du også bruka kano. For padling i Suldalslågen vil me tilrå at du kjøper ei oppleving frå Mo Laksegard med ein erfaren padleguide.

Nokre padleopplevingar som me kan tilrå:

Padleturar i vatn:
- Mosvatnet - perfekte forhold for barnefamiliar
- Ritlandsvatnet - flott vatn i eit levande kulturlandskap.
- Suldalsvatnet - kanskje du kan fiske ein storaure?

Turar på fjorden med havkajakk
- Økstrafjorden - lun fjord med skjulte skattar
- Foldøy - fugleparadiset midt ute i fjordsystemet, for erfarne
- Hylsfjorden - høge fjell og mektige fossar, for erfarne

Padling med guide:
Elveekspedisjon på Suldalslågen
Sesong : 1. febr. til 15. des.
Bli med på ei spennande flåteferd
ned Suldalslågen. Undervegs blir det
strandhogg i villmarksleir ved elvebreidda.
Guiden fortel om livet i elva,
og turen vert avslutta med guiding på
Sandsfossen og Laksestudio.


Pris:
495 NOK pr. person.
Min. 6 personar, maks 90. Grupper
kvar dag på bestilling.
For meir informasjon - kontakt
Mo Laksegard på
tel: , eller sjå
www.molaks.no

Havkajakk
Opplev Suldal og Ryfylke på ein ny måte! I ein havkajakk kjem du utruleg nær elementa. Padle Akademiet har base på Mo i Suldal og tilbyr Høgfjellspadling på Blåsjø, Suldalsvatnet, Økstrafjorden, Hylsfjorden og kanopadling på Mosvatnet. Guidane har mykje kunnskap om natur- og kulturhistorie i områda dei ferdast i. Du får også innføring i grunnleggjande padleteknikk. Kurs for både nybyrjarar og  vidarekomne.
For meir informasjon- kontakt
Padle Akademiet på
tel. , eller sjå www.padleakademiet.no


Kanoutleige
Gullingen Turistsenter,Tel:
Vikane Hyttetun,Tel:

Båtutleige
Vikane Hyttetun,Tel:
Eventus, Tel
Gullingen Turistsenter,Tel: