Aktivitetar ute i det fri

Fottur ved fjorden eller i fjellet - Padling på fjorden eller i vatn - Laksesafari - Elveekspedisjon - Bading - Sykkel - Klatring - Fiske - Jakt

Vassdalseggi 1658 moh. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto.no
Laksesafari i Suldalslågen.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Laksefiske i Suldalslågen.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Padle Akademiet har base på Mo i Suldal og tilbyr høgfjellspadling på Blåsjø, Suldalsvatnet, Økstrafjorden,Hylsfjorden og kanopadling på Mosvatnet. Foto: John Iver Berg

Fottur i Suldal
I Suldal er det eit godt utbygd turløypenett, uansett form og alder finn du ein tur som passar!
Turtips finn du her! 

Padling
Det er mykje vatn og mange vassdrag i Suldal og du kan få flotte padleopplevingar i både fjord, elv og vatn. Nokre padleopplevingar som me kan tilrå finn du her.

Laksesafari
Iført tørrdrakt, snorkel og maske flyt du fritt nedover den kraftige elva Suldalslågen. Her kan du møta både laks og aure i sitt rette element. Verdas einaste i sitt slag! For meir informasjon - kontakt Mo Laksegard på tel: , eller sjå
www.molaks.no

Elveekspedisjon
Bli med på ei spennande flåteferd ned Suldalslågen. Undervegs blir det strandhogg i villmarksleir ved elvebreidda.Guiden fortel om livet i elva, og turen vert avslutta med guiding på Sandsfossen og Laksestudio.For meir informasjon - kontakt Mo Laksegard på tel: , eller sjå
www.molaks.no

Kajakk
Mo Feriehytter på Mo i Suldal tilbyr guida turar, kurs og utleige av kajakk. Sjå meir på www.opplevsuldal.no eller www.padleakademiet.no.

Sykkel
Sykkel er ein fin måte å ta seg fram på og du får sjå stader og ting du gjerne ville køyre forbi med
bil. Treng du nokre gode idear til fine stader å sykle- så finn du det her.

Bading
Bading i fjorden eller i flotte fjellvatn? Badeplassar finn du her!

Klatring
Tilrettelagde klatrefelt finn du her!

Fiske
I Suldal kan du fiske i både vatn og fjord, les meir her.


Laksefiske i Suldal
Suldal har to lakseførande elvar - Suldalslågen og Hålandselva. Informasjon om laksefiske finn du her.

Jakt
I Suldal kan du jakte storvilt og småvilt, jakttilboda finn du her.