Påskeferie i Suldal?

Vinter og vår- mykje kjekt å finne på! Langrenn, slalom, kjelkekjøring, utstillingar- noko for ein kvar smak!

Leik i snøen.
Foto: Rune Roalkvam.
Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.

På vinteren er det gode høve for friluftsliv og andre flotte opplevingar i Suldal! Heia ventar den som vil gå milevis utanfor oppkøyrde løyper, f.eks. til Snønuten eller Skaulen.

Langrennsløypene ved Mosvatnet/Gullingen, inkludert lysløypa, vert oppkøyrd frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for det. På www.suldal-skiinfo.no.  finn du til ein kvar tid oppdatert snø og løypeinformasjon. Skileikområde med kuleløyper, portalløyper, hopp og magasug finn du ved Gullingen turistsenter og i Breiastøldalen.

Påskeferie på Gullingen skisenter
Trekket har ope kvar dag frå kl. 10.00- 16.00
I tilegg er det følgjande aktivitetar:
30.mars, 2. april og 5.april: Kveldskøyring i trekket, kl. 17.00-21.00
31.mars, 3. april og 6. april: Kjelkekøyring i trekket med kveldskos i varmestova, kl. 16.00-21.00.

Sjå meir informasjon på www.gullingen.no.

Fjellføring
Kan du tenkje deg ein tur med ein erfaren fjellførar frå Suldal?
Topptur eller berre nokon som kan vise veg i vinterfjellet?
Pris frå kr. 290,- per pers.
Ta kontakt med Eventus på tlf eller sjå www.Eventus.no

 

For den som ikkje vil ut på ski kan lauging, fisketur på fjorden eller kafe liv i gata på Sand vere eit godt alternativ.

Påskeferie på Ryfylkemuseet
Nesasjøhuset, Sand: ope kl. 09.00 -15.00 måndag, tysdag og onsdag påskeveka, samt kl. 10.00 -16.00 påskeaftan.

Utstillingar:
Det gode liv – om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda
Kvitebjørnen – eventyrleg barneutstilling der barna får bli kjente med den spennande historia om Kvitebjørnen. Etterpå kan dei vera med på ei eventyrleg ferd gjennom skog, borger, nordpol og til slutt kle seg ut i flotte kostymer for å gå på fest i sjølvaste kongsgarden. Ei utstilling som barna besøker igjen og igjen.

Gratis inngang for barn under 16, vaksne kr. 50,- Løland kafé med enkel servering, godt utval av aviser,internett og Sands flottaste utsikt.Museumsbutikk med lokal litteratur, handverksprodukt og smykke.

Påske på Kulturhuset
Kino og bowling. Sjå www.suldal.kulturhus.no

 

Eller kanskje du vil nyte våren med ein rusletur i låglandet – her er nokre forslag:
• Kombiner handel i strandstaden Sand med ein tur i skogen i Stegåsen.
• Familievenleg tur i fjordlandskapet ved Erøy i Erfjord, Barkåsen på Jelsa eller rundt Grytevatnet på Ropeidhalvøya.
• Opplev Suldalsdalføret på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten.
• Kraft-arkitektur og tradisjonell kultur kan du få med deg på ein rundtur på Nesflaten. Turen passar også for barnevogn og rullestol.

Sykkel er også ein fin måte å ta seg fram på og du får sjå stader og ting du gjerne ville køyre forbi med bil. Nokre idear til fine stader for tursykling er Jelsaområdet og Ropeidhalvøya eller kanskje ein sykkeltur innover Ulladalen? 

 

Overnatting
Er du på jakt etter overnatting finn du fleire gode forslag under overnatting på menyen til venstre.

Velkommen til Suldal!