Velkommen til gode dagar i Suldal!

Freistar det med kafe besøk, ein rusletur i gata eller kanskje ei utstilling? 


Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.
Nysteikte vaflar på Bygdetunet Kolbeinstveit. Foto: Anne Lise Norheim
Leik i snøen.
Foto: Rune Roalkvam.

Velkommen til Ryfylke, og velkommen til skattkammeret Suldal!

 

Her i Suldal har me eit stort utval av opplevingar, aktivitetar, overnattings- og serveringsstader for ein kvar smak heile året.

I vinterhalvåret kan me tilby gode opplevingar enten du ynskjer å prøve skia eller halde deg i dalføret. Her er forslag til nokre kjekke aktivitetar:  

Utstillingar:
- Nesasjøhuset- Ryfylkemuseet. Her er bl.a. utstilling om Livstilsinnvandrarar og i museumsbutikken kan du kjøpa bøker utgitt av museet, anna lokal litteratur, handversprodukt frå Ryfylke, samt smykke og glasvarer. I Løland cafe kan du kjøpe varm drikke, mineralvatn is og vaflar.
- ”Kvitebjørnen”- ei spennande opplevingsutstilling for barn på Nesasjøhuset på Sand


Aktivitetar
Likar du deg ute på tur så har me eit godt utbygd turløypenett som også kan nyttast i vinterhalvåret dersom det ikkje er for mykje snø:
- Erøy – Hattavågen - ein rusletur langs Bogsfjorden i Erfjord. (lett)
- Førlandsøyane- lett og fin tur i kulturlandskapet. (lett)
- Rundtur på Nesflaten- opplev Kraft- Arkitektur på Nesflaten!(lett)
 

I kommunesenteret Sand finn du Suldal turistkontor, og eit godt handels- og servicetilbod. Me har med andre ord litt av kvart å by på, så ta gjerne turen innom!

 

I haust- og vinterhalvåret finn du Suldal Turistkontor i Næringsparken, Sandsvegen 134, på Sand. Me har ope måndag til fredag frå kl 08.30- 15.30.
Kontakt oss gjerne på tlf. , eller på