Det skjer i Suldal i haust!

Kulturarrangement- Møgedalsmarknad- Ungdomsfredag- Utstillingar- Førjulsstemining og julehandel.....


Det skjer i Suldal- hausten 2011

Haustprogrammet er allsidig og spenner i frå Møgedalsmarknad og lokale kulturarrangement, til mannekeng oppvisning og besøk av fleire kjende gjester. Nokre av gjestene som kjem til Suldal denne hausten er Børge Ousdal som inviterer til polarkveld, Oddgeir Bruaset med der ingen skulle tru at nokon kunne bu, Toralv Maurstad med Peer Gynt og ikkje minst Brassensemblet Ten Thing som feiar over musikkscenen som ein frisk vind. Julestemininga startar siste helga i november med julegrantenning, historieforteljing i "Kvitebjørnutstillinga" og julehandel. Les meir i programmet!


Tysdag 20. september kl 19.30
KULTURHUSET: KIM ANDRÉ RYSSTAD
Når Kim André Rysstad syng, stoppar du opp og lyttar. Denne unge folke¬musikaren har ei heilt eiga forteljarevne og eit eige nærvær. Kim André har vakse opp med folkemu¬sikken og gått i lære hjå norske meistrar – men han hentar også inspira¬sjon frå den amerikanske folktradisjonen og frå fø¬rebilete som Dolly Parton og Whitney Houston. Her framfører han eigne songar og norske folkeviser med eit eminent knippe musikarar rundt seg: Georg Buljo og Trym Bjønnes på gitarar, Sondre Meisfjord på bass og Christian Svensson på perkusjon. Gjesteartist er ingen ringare enn Berit Opheim.
Inngang: Vaksne kr. 200,-, barn kr. 100.- honnør kr. 100,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal og Rikskonsertene

Onsdag 21. september kl. 19.00
KOLBEINSTVEIT, SULDAL: KVELDSSETE OG JUBILEUMSFEIRING
- 75 år sidan Rogaland Folkemuseum (forgjengaren til Ryfylkemuseet) blei skipa
Me set fokus på Guggedalsloftet, som er den eldste trebygningen i Rogaland og den første bygningen museet tok hand om. Servering av smørgraut.
Felespel ved Tove Solheim.
Inngang: kr. 100,-
Arr.: Ryfylkemuseet

Torsdag 22. september kl. 16.30
VINJAR BU- OG OMSORGSENTER: BASAR

Fredag 30. september kl. 18.00- 23.00
KULTURHUSET, SAND: UF(F)
Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling.
Satsinga er retta mot ungdom i alle aldrar, men særleg mot skuleungdom.
Kl. 21.00 er det Norgespremiere på filmen
Johnny English Reborn
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Laurdag 1. oktober
BERGEKROSSEN, SAND: MØGEDALSMARKNAD
Liv og røre, underhaldning for store og små. Triveleg møteplass for bønder og anna folk både med og utan forhaustar. Sal av handarbeid og husflid.
Arr.: Møgedal Mekaniske Verkstad

Laurdag 1. oktober - søndag 16. oktober
KULTURHUSET, SAND: OPNING AV RYFYLKEUTSTILLINGA
Vandreutstilling for amatørkunstnarar i Ryfylke.
Opning kl. 13.00.Gjesteutstillar Mona Orstad Hansen.
Arr.: Ryfylke kunstlag/Suldal kunstlag

Laurdag 1. oktober kl. 10.00-17.00
MOKLEIV, SULDAL: PILEGRIMSVANDRING OG MIDDAG
Kr. 250,-. Bratt løype.
Påmelding til

 

Laurdag 1. oktober
RYFYLKE FJORDHOTEL, SAND: DANS
Susan og Hans fra Haugalandet, spiller til dans.
Arr.: Ryfylke fjordhotel

Torsdag 6. oktober kl. 19.30
KULTURHUSET, SAND: POLARKVELD MED BØRGE OUSLAND
Børge Ousland er eventyrar, oppdagar og ein fantastisk engasjerande og inspirerande føredragshaldar. I si over 20 år lange karriere som ”ekstrem-turist”, med fotturar på kryss og tvers av begge polpunkta, har han hausta ei brei røynsle om sjølvinnsikt, meistring og motivasjon. Dette vil bli ein annleis underhaldningskveld og høver like godt som motivasjon for tilsette i bedrifter og kunde-kontak¬tar som for naturinteresserte familiar i alle aldersgrupper.
Inngang: Vaksne kr. 310,- honnør kr. 155,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Torsdag 6. oktober kl. 18.00
KULTURHUSET, SAND: SPØTAKAFÉ
Tema: utstyrs- og garnbyttedag
Arr.: Suldal Husflidslag

Tysdag 11. oktober kl. 19.00
KULTURHUSET, SAND: MAKKAMJØLSKVELD
Arr.: Suldal Sogelag

Torsdag 13. oktober frå kl. 19.30
VIKANE, SULDALSOSEN: ISLAUGING
Nå startar vi opp igjen.
Ope for alle. Kr 50,- pr. pers med badstova og badestamp.

Torsdag 20. oktober kl. 19.30.
SULDAL SAMFUNNSHUS, SULDALSOSEN: KULTURKVELD
Song ved Åshild Vetrhus og Gullgutane, underhaldning ved søstrene Muslandsvåg og forteljing ved Anne Berit Mahlum Solvang.
Førehandsal av billettar i butikkane på Suldalsosen, og ved inngongen. Enkel servering i pausen.
Arr.: Suldal Bygdekvinnelag.

Fredag 21. oktober kl. 18.30
KJØLVIKSTØLEN, ROPEIDHALVØYA: HAUSTFEST  FOR GRYTENUTEN 4H
Ein festleg avslutning på prosjektåret med utstilling
av alle prosjekta, underhaldning og mat.
Ope arrangement.
Arr.: Grytenuten 4H

Laurdag 22. oktober kl. 13.00-15.00
KULTURHUSET, SAND: MARKERING AV FN-DAGEN/FOLKEAKADEMI-DAGEN
- familiearrangement. Internasjonal dag med allsong, familieaktivitet og apellar.
Arr.: Folkeakademiet Suldal

Laurdag 22. oktober
ERFJORD SKULE, ERFJORD: HAUSTFEST FOR FRISKO 4H
Arr.: Frisko 4H

Tysdag 25. oktober kl. 19.00
KULTURHUSET, SAND: BOKBAD I BIBELEN
Kulturkveld for å markere den nye Bibelomsetjinga. Edvard Hoem, Biskop Erling Pettersen, sang og musikk innslag.
Arr.: Nordre Ryfylke prosti/Kulturkontora i Suldal, Vindafjord og Sauda

Onsdag 26. oktober kl. 11.30
KULTURHUSET, SAND: LUNSJKONSERT MED DISTRIKTSMUSIKARANE
Gjenhøyr med musikk frå tidlegare lunsjkonsertar.
Skriv ønsket ditt i ”Ønskeboka” som ligg på Kulturhuset.Fiolinist Xenia Berkova , fløytist Erlend Jordal og gjest frå Haugesund, pianist Marina Johansen.
Gratis inngang
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Onsdag 26. oktober kl. 19.30
KULTURHUSET, SAND: ODDGEIR BRUASET
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – Rogaland
Inngang: Vaksne kr. 110,- Barn kr. 50,-
Arr: Folkeakademiet Suldal

Fredag 28. oktober kl.18.00
RYFYLKE FJORDHOTEL: MANNEKENG-OPPVISNING
Butikkane i Suldal viser fram haust-og vintermoten,
til kvardag og fest.Lett servering og underholdning. Kveldsope i butikkane!
Inngang: kr. 50,-
Arr.: Sandsgruppa

Fredag 28. oktober kl. 18.00- 23.00
KULTURHUSET, SAND: UF(F)
Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot ungdom i alle aldrar, men særleg mot skuleungdom. Kl. 21.00 er det noregspremiere på dansefilmen
Footloose.
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Fredag 28. oktober og laurdag 29. oktober
SULDAL SAMFUNNSHUS: REVY
Revygruppa i Suldal Ungdomslag inviterer til revy.
Arr.: Revygruppa i Suldal Ungdomslag

Torsdag 3. november kl. 10.00
KULTURHUSET, SAND: AV OG MED RASMUS LØLAND
Forteljarstund med Anne Elisebeth Skogen
Arr.: Kulturhuset

Torsdag 3. november kl 18.00
KULTURHUSET, SAND: SPØTAKAFE
Tema: Me broderer bunadsroser på vottane/hanskane.
Arr.: Suldal Husflidslag

Laurdag 5. november kl. 19.30
SULDAL SAMFUNNSHUS: HAUSTFEST I SNØKLOKKA 4H

Tysdag 8. november kl. 19.00
KULTURHUSET, SAND: FORTELJARKVELD
Arr.: Suldal Sogelag

Laurdag 12. november kl. 13.00
KULTURHUSET, SAND: OPNING AV KUNST-UTSTILLING
Terje Frøyland ”Mønstra fragment”
Arr.: Suldal kunstlag

Søndag 13. november kl. 15.00
KULTURHUSET, SAND: PEER GYNT
Denne framsyninga byr på utdrag frå Henrik Ibsens Peer Gynt ved norsk teater sin nestor, Toralv Maurstad. Han har framført stykket tallause gonger og vil ved dette høvet også fortelja litt om Ibsen si fargerike skikkelse Peer Gynt. Pianisten Rune Alver, kjend m.a. for sine Griegtolkningar, framfører delar av Edvard Griegs og Harald Sæveruds scenemusikk.
Inngang: Vaksne kr. 250,- barn kr. 125,- honnør kr. 125,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Tysdag 15. november kl. 19.30
KULTURHUSET, SAND: TEN THING
Brassensemblet Ten Thing feier over musikkscenen som ein frisk vind. Ti unge, virtuose messingblåsarar anført av Tine Thing Helseth. Fire trompetar, fire tromboner, horn og tuba. Til alt overmål eit reint jenteband!  Tine Thing Helseth er mellom Noregs og Europas
beste på sitt instrument, trompet, og har gått til topps  i mange konkurransar.
Inngang: Vaksne kr. 220,- barn kr. 110,- honnør kr. 110,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal og Rikskonsertene

Fredag 11. - søndag 13. november
MO LAKSEGARD, SAND: FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSHELG
Kurs for alle generasjonar i dans, kveding og hardingfele.
Med Unni Boksasp, Åshild Vetrhus, Bjørnar Blaavarp Heimdal, Frank Rolland m.fl.
Sjå www.ryfylkemuseet.no for meir informasjon.
Arr.: Arrangør er Ryfylkemuseet/Folkemusikkarkivet for Rogaland

Laurdag 12. november kl. 20.30
MO GRENDEHUS, SAND: HUSKONSERT, JAM OG DANS
Gratis inngang, alle er velkomne.
Arr.: Ryfylkemuseet/Folkemusikkarkivet for Rogaland

Torsdag 17. november kl. 18.00
NESASJØHUSET, SAND: INTERNASJONAL KAFÉ/KONSERT MED KOUAME SEREBA
Denne spennande multi-instrumenta¬listen og vokalisten blei født i Abid¬jan i Elfenbeinskysten i Vest-Afrika, men har budd i Noreg sidan 1983. Saman med publikum skapar han eit musikalsk univers der rytmeleik og musikkglede er det viktigaste. Kouame brukar mye vokal, perkusjon, dodo (afrikansk munnbue), djembetromme og kalimba (tommelpiano). Han opptrer både solo og saman med musikarar med vidt forskjellige ståstader, som norsk folkemusikk, jazz og samtidsmusikk samt moderne afrikansk musikk. Har m.a. samarbeidd med Kirsten Bråten Berg og Steinar Ofsdal. I tillegg til konsert blir det internasjonal kafé i kjent stil; altså mye god mat og hyggeleg prat.Gratis inngang.
Arr.: Ryfylkemuseet

Fredag 18. november kl. 18.00 - 23.00
KULTURHUSET, SAND: UF(F)
Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot ungdom i alle aldrar, men særleg mot skuleungdom. Kl. 21.00 er det noregspremiere på The Twilight Saga: Breaking Dawn - Part 1

Onsdag 23. november kl. 11.30
KULTURHUSET, SAND: LUNSJKONSERT MED DISTRIKTSMUSIKARANE
Gjenhøyr med musikk frå tidlegare lunsjkonsertar. Skriv ønsket ditt i ”Ønskeboka” som ligg på Kulturhuset. Fiolinist Xenia Berkova , fløytist Erlend Jordal og gjest frå Haugesund, pianist Marina Johansen
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Onsdag 23. november kl. 18.00
KULTURHUSET, SAND: JUL I MUMMIDALEN
Teater for barn ved Victoria Productions AS
Inngang: kr. 190,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Torsdag 24. november kl. 17.00
FOAJEEN PÅ GARANESET : JULEVERKSTAD
Laging av adventsstakar og julekransar.Aktivitetar for store og små.
Arr.. Krambua Blomster AS

Laurdag 26. november
GATA, SAND: JULEGATEOPNING
Fakkeltog, julegateopning og tenning av julegrana.Juleaktivitetar og servering av julegløgg i sentrum.Kjem nissen tru? Fakkeltog frå Rimi kl. 15.45.Tenning av julegran kl. 16. 15.
Arr.: Sandsgruppa

Laurdag 26. november kl. 12.00
KULTURHUSET, SAND: OPNING AV PEPARKAKEBYEN
Arr.. Kulturhuset i Suldal


Laurdag 26.november kl. 09.30
SAND SKULE: JULEMESSE FOR NORMISJON
Arr.: Normisjon

Laurdag 26. november
kl. 11.00-15.30
NESASJØHUSET, SAND: FØRJULSSTEMNING PÅ RYFYLKEMUSEET
Juleservering i Løland kafé og sal av flotte  julegåver i museumsbutikken
Kl. 13.00:
HISTORIEFORTELJING I ”KVITEBJØRNEN”
for born frå 3 år og oppover. Inngang: kr. 30,-
Arr.: Ryfylkemuseet

Laurdag 26. november kl 20.00
KULTURHUSET, SAND: GISLE BØRGE STYVE TRIO
Melodisk, inkluderande, utadvendt og humoristisk,
Helge Harstad, Per Willy Aaserud og Gisle Børge Styve. Me gler oss til eit gjensyn med Gisle Børge Styve, kjend frå Beat for beat på NRK.
Inngang: Vaksne kr. 220,- barn kr. 110,- og honnør kr. 110,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Torsdag 1. desember kl. 18.00
KOLBEINSTVEIT, SULDAL: NISSEKVELD
Servering av graut og saft
Inngang: kr. 80,-
OBS! Påmelding til
eller på tel.
Arr.: Ryfylkemuseet

Torsdag 1. desember kl. 18.00
KULTURHUSET, SAND: SPØTAKAFE
- Tema: Me strikkar julekrybbe
Arr.: Suldal Husflidslag

Torsdag 8. desember kl. 18.00
NESASJØHUSET, SAND: INTERNASJONAL KAFÉ
Sal av internasjonal mat
Gratis inngang
Arr.: Ryfylkemuseet

Torsdag 15. desember
TA JULEHANDELEN I SENTRUM - NATTOPE
Juleaktivitetar og julemoro i Gata.Butikkene har ope frå kl 10.00 til kl. 23.00.
Arr.: Sandsgruppa