Laurdag 5. mars. Suldal O-lag inviterer heile familien til Gullingen Ski-orientering. Her kan du prøva deg på skattejakt etter tur-O-postar, åleine, med vener eller familie.
Dei same postane er og ein del av Tur-ski-orienteringa som har offesiell opning kl. 12.00. Treng du ei innføring i kart, får du det mellom kl. 12.00 og 12.45.
Søndag 6. mars. På festivalområdet ved Gullingen blir det:
-Skattejakt
-NORGESMEISTERSKAP I RUMPEBRETT-RALLY
-Snøballkasting- Blir du Suldalsmeister i Snøballkasting?
-Snøborg bygging- Lag verdas stiligaste snøborg.
-Slalåmrenn- I alpinbakken.
-Scooterkjøring- Dei yngste og dei eldste kan få leiga seg scooter.
-Friskusen- me utfordrar oss sjølv og naturen.Me brukar ikkje den vanlegaste løypa for å sei det slik...
-Snøstafett- For alle aldrar. Ta sjangsen...
-Snøtryne- Kast snøball på ein som er tøff nok til å stikka hovudet sitt fram... Den som treff får premie!
I nærområdet blir det tilbod om:
-Snøholegraving
-Toppturen Bøljarnuten - Tjøstheim
-Hundespannkøyring
Les meir på ZPORTY SNØFESTIVAL
Sist oppdatert 15.02.2011
|