Nye turkart for grendene i Suldal




Dei nye turkarta for grendene i Suldal er ferdige! Kvar grend i Suldal, og Gullingen-området, har no fått sitt eige turkart. På kartet finn du eit utval av dei lokale turane, og på baksida ei kort skildring av turane på tre språk (norsk, engelsk og tysk).
 
Karta kan du få tak i på fleire av dei lokale matbutikkane i Suldal, og på turistkontoret. Det er også muleg å laste dei ned frå internett - på Suldal Turistkontor si nettside eller på Miljøstatus.

Suldal kommune og Suldal Turistkontor har laga dei nye turkart, med god økonomisk støtte frå SUS.

 

God tur :-)