Nettundersøking om Suldal
|
Suldal Reiselivslag ønskjer å vite meir om kva Suldølen tenker om det å bu i Suldal og kven Suldølen er. Dei har nå laga ein nettundersøking saman med fleire av reiselivsbedriftene i Suldal, og håpar gjennom undersøkinga å få nye tankar og idear til det vidare arbeidet med å gjere Suldal meir attraktiv for både tilreisande og innbyggjarar. Ønskjer du å svare på undersøkinga (JA!), så kan du klikka deg inn på denne lenka: nettundersøking om Suldølen sitt forhold til Suldal Undersøkinga tar 4-5 minutt, og dei som svarar kan vere med i trekninga om: 1. Middag for 2 på Ryfylke Fjordhotel 2. Laksesafari for 1 person 3. - 4. Lokale matprodukt Undersøkinga vil bli liggande ute til slutten av september. Den vil også bli liggande ute på nettstaden til www.suldalsposten.no Nettundersøkinga er ein del av VRI -prosjektet Suldal har fått. |