Gullingen har fått "ny" nettstad

Måndag 26. januar relanserte Gullingen nettstaden sin. Etter ni år var ønskje om endring stort, og nå står altså NYE www.gullingen.no klar.
Dei ser ikkje på seg sjølv som heilt ferdige ennå, og utover året kjem det bildespel/video, det vert fleire artiklar frå området, og me håpar òg å få laga nokre digitale naturstiar. Som før legg dei ut bilde frå kvar leirskuleveke i vårt fotoalbum.

Me gratulerar med ein flott nettstad!