Turistkontoret tilbake i Suldal Næringshage
Sommaren er over for denne gong, og Turistkontoret har flytta opp til vinter-kontoret sitt i Suldal Næringshage på Garaneset (2. etasje på Monter-bygget) Sommarsesongen 2008 Me har hatt ein god sesong (syns me sjølv i alle fall), sjølv om talet på besøkande er lågare både på Turistkontoret og i Laksestudio samanlikna med i fjor. På turistkontoret har me hatt 2647 besøkande innom døra (mot 2828 i fjor), og nærmare 50% av desse var tysk-talande. I Laksestudio hadde me i år 6052 besøkande, mot 7934 i fjor. Me er litt usikker på kvifor nedgangen har vore så stor, men ei lita forklaring på litt av nedgongen kan vere at Laksestudio var ganske utilgjengeleg i første del av sommaren og at me i sommar har hatt kjempeflott ver. Fleire av overnattingsverksemdene melder om bra belegg, mens andre gjerne skulle hatt fleire gjester. Generelt sett har besøkstala for Ryfylke vore gode i sommar, og fram til juli hadde Ryfylke ei auke på 5.4 % når det gjeld overnattingsdøgn på hytter og hotell. "Ikkje rom i herberget" På turistkontoret har med fleire gongar i sommar ikkje klart å finne overnattingsplassar til turistane som var innom, og difor måtte sendt dei vidare til ein av nabokommunane. Me har også merka saknet av ein alternativ campingplass til Sand Camping i Bergekrossen. Fleire camping- og bubil-turistar har i år ikkje funne ein eigna plass i Suldal for seg og sine, og difor køyrt vidare. Det syns me er utroleg dumt rett og slett så om nokon har lyst til å starte campingplass, så er tida inne no! |