Snart klart for laksefiske i Suldalslågen!

20. juli er det klart for starten på årets laksefiske i Suldalslågen. Sesongen varar fram til 30. september.

Framfor årets sesong har det kome ny forskrift for fiske i elv som mellom anna seier noko om dei nye døgnkvotane for fiske i Suldalslågen.

Ønskjer du å fiske i Suldalslågen? Ta kontakt med Bjørn Moe på Mo Laksegard (tlf. 52797690), Jone Moe på Suldal Sportsfiske (tlf. 52799850) eller Ola J. Nærheim (tlf. 52797237/951 95 335) for kjøp av fiskekort.

Skitt fiske!