Fiskarlykke ved Suldalsvatnet.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Guten og auren ved Suldalsvatnet.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
|
Fiske i vatn i Suldal
For å fiske i vatn i Suldal må du ha kjøpt fiskekort for området/vatnet du vil fiske i, men du treng ikkje å betale fiskeravgift.
Barn og unge som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for fiske etter innlandsfisk i Norge i perioden 1. januar til 20. august.
Frå og med sesongen 2012 kan du kjøpe fiskekort for vatn i Suldal på www.inatur.no.
Medlemskortet i Stavanger Turistforening gjeld som fiskekort i alle fjellvatn nær deira turstiar.
Fiske i Suldalsvatnet Suldalsvatnet er kjent som plassen du kan få storfisk på kroken. Største auren som er fiska her var på 11 kg, denne vart fiska i 1996. Suldalsvatnet har to stammar med aure; ei med fisk normalt rundt 250 g og ei storaurestamme med fisk på over 10 kg. Kvart år vert det arrangert fiskefestival første helga i juni, og på fiskefestivalen i 2011 var største auren på 6,32 kg. Om du ikkje skulle få fisk i Suldalsvatnet, vil du likevel få med ei flott naturoppleving.
Suldalsvatnet er 28 km og 29 km2 stort. Det er det største vatnet i Rogaland, og eit sentralt element i Suldalsvassdraget - det mest vassrike vassdraget på Vestlandet. Vatnet er 376 m på det djupaste. Suldalsvatnet har ei stor bestand av aure, røye og det finst laks.
Fiskekort for Suldalsvatnet kan du også kjøpe på www.inatur.no.
Du kan også kjøpe fiskekort på internett med din mobil. Send kodeord inatur til 2470
Fiske i fjordane i Suldal
Det stillast ikkje krav om betaling av fiskeravgift eller kjøp av fiskekort for fritidsfiske med stong eller håndsnøre etter saltvannsfisk. Det same gjeld for fiske i fjord/sjø etter sjøaure, laks og sjørøye. Unntaket kan vere lokale fredningssoner rundt elvemunningar. Fisket kan pågå heile året.
Båtutleige for fiske i vatn og fjordane i Suldal
Turistkontoret har oversikt over kor i Suldal det er muleg å leige båtar for fiske i vatn (Suldalsvatnet) og fiske i fjord.
Fiskefestivalar i Suldal
Kvart år arrangeres det Storaurefestival i Suldalsvatnet, med utgangspunkt i Sentrumsbygget på Nesflaten, og fiskefestival i Vanvik i Hylsfjorden.
Sist oppdatert 04.05.2012
|