Velkommen til pilegrimsvandring

5. – 6. juli blir det igjen pilegrimsvandring langs den gamle pilegrimsleia mellom Suldal og Røldal.
Vandring skjer langs den opphavlege ruta - frå Skitli, over Suldalskaret og ned til Botnen. Same helg blir det arrangert pilegrimsstemne i Røldal, med midnattsmesse i Røldal kyrkje laurdags kveld. Pilegrimsstemnet er lagt til ei helg nær ”gamaljonsok” (7. juli), som er den dagen pilegrimane i gamal tid valfarta til stavkyrkja i Røldal og det vidgjetne krusifikset som kunne gi lækjedom denne spesielle natta. Denne helga blir det også arrangert pilegrimsvandring frå fleire andre kantar mot Røldal.

Undervegs vil det bli tid til skriftlesing og refleksjon. Det vert og lagt inn forteljingar og soger av kulturell og historisk karakter undervegs.

Program

Laurdag 5. juli
Kl. 09.30:Avreise frå butikken på
Nesflaten til Skitli
Kl. 10.00: Vandring frå Skitli til
Botnen, ca. 5-6 timar
Kl. 16.00: Ankomst Botnen
(ved Røldalsvatnet). Skyss vidare til Røldal og Røldalstunet, kor me skal overnatte.
Kl. 18.00: Middag
Kl. 19.30: Skyss til Bruhølen
Kl. 20.00: Krossvandring, Bruhølen - Røldal kyrkje
Kl. 23.00: Midnattsmesse i Røldal kyrkje

Søndag 6. juli
Kl. 09.30: Frukost
Kl. 11.00: Avreise frå Røldalstunet
Ca. Kl. 11.40: Ankomst Nesflaten

Turleiarar
Åsmund Thomsen (bonde frå
Fister og kyrkjetenar i Hjelmeland) blir med som turleiar

Pris og påmelding
Kr. 2130 pr. person alt inkludert.
Enkeltromstillegg kr. 300 pr. natt.

Bindande påmelding innan: 15. juni.

For påmelding og meir informasjon - kontakt:
Ryfylke Reisebyrå, 4230 Sand,
tlf. 52 79 05 00, firmapost@ryreis.no