Ny forskrift for fiske i elv
01.03.2008 kom det ny forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure i Rogaland. Fiske i Hålandselva blir som tidlegare: frå 15. juni til 31. august. Døgnkvoten er på 3 laks/og eller aure (3 fisk totalt). I Suldalslågen startar fiske først 20. juli, og varar til 30. september. I Suldalslågen er det ein døgnkvote på 1 villaks over 75 cm, totalt 3 laks og/eller sjøaure (totalt 3 fisk) per døgn. Laks som har uomtvistelege ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks blir ikkje rekna inn i kvoten. Interessert i å lese heile forskrifta? Sjå her! |