Påske i Suldal?
Skal du på påskeferie til Suldal? Her kjem litt informasjon om kva du kan finna på!
Turorientering på ski- Miniandaløp- Påskequiz...noko for einkvar smak...
|
Dei fleste forbinde påskeferie med snø og ski. Det har me store mulegheiter for i Suldal. I Gullingen-området er det mange oppkøyrde skiløyper, skileik området og Gullingen skitrekk. Meir info og løypekart finn du på www.suldal-skiinfo.no.
Suldal O-lag har i området ved Gullingen laga til turorientering på ski. Postane ligg ute ut april. Last ned kart her og her.
Handelsstanden på Sand inviterar til vårdagar torsdag 14.- laurdag 16. april. Då blir det: Miniandaløp- kreativ barneverkstad- sykkelløp- påskequiz og påskeorientering. Bli med!
Er du på jakt etter overnatting finn du fleire gode forslag under overnatting på menyen til venstre. |