Sommaren 2008 blir det igjen "Syng Elvestraum

Frå 30. juli til 3. august vil det historiske spelet "Syng Elvestraum"
igjen bli sett opp i uteamfiet til Kulturhuset i Suldal. Spelet er eit
dramatisk og flott spel som engasjerer både profesjonelle
aktørar, skodespelarar og vanlege bygdefolk. Stykket er skrive av
Johannes Heggland, og tek utgangspunkt i historia kring lakserettane i
Suldalslågen på 1300-talet; striden mellom munkane, dei geistlege
og bøndene langs Suldalslågen. Regien er ved Britt Lossius.
Stykket blei sist sett opp sommaren 2006 med stor suksess.

For meir informasjon, eller kjøp av billettar, kontakt Kulturhuset i Suldal på tlf. .