Nytt hotell opna i Suldal !

Fredag 4. januar opna eit nytt hotell dørene i Suldal - Energihotellet.
Hotellet held hus i den tidligare Messa til Hydro på Nesflaten. Bygget er teikna av den kjende arkitekten Geir Grung, som dessutan har teikna resten av anlegget til Hydro på Nesflaten - inkludert eit bustadfelt for dei tilsette.

Det er investert 1,5 mill kronar i oppussinga av messebygget. Arkitektfirmaet Helen&Hard har tatt seg av oppgraderinga som har gitt 14 dobbeltrom. Kunstnarane Randy Naylor, Marlie Mul og Yngve Holen har laget kunstverk som speiler messa sin sjel. For eksempel har Naylor laga eit glasbord fylt med aluminium-spøner. Bordet står på eit golv som er laga med same metode. Frå taket skin eit sterkt lys som gir spreke farger.

Energihotellet skal drive kantine for dei 40 Hydro- tilsette på Nesflaten. Dette er ryggraden i drifta. Med snøsikre Røldal ein halvtime unna, tilbyr dei også weekendpakkar for skituristar. Men først og fremst satsar hotellet på bedriftsmarknaden. Det skal arrangerast kurs, konferansar og events med hovudvekt på mat og kultur.

Det nye hotellet eigast av gladmat-sjefen i Stavanger, Sigve Skretting, forretningsmannen Bjarne Aadnesen, Tarjei Kristiansen, som jobbar med mat ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Rogaland, og Bjørn Moe, som driv Mo laksegard.
Hardingen John Korff Lofthus er tilsett som dagleg leiar av hotellet.

www.energihotellet.no kan du lese meir om hotellet!