Usynleg kunst i Suldal
To kunstnarar har måla usynlege bilete på nokre av bygningane i Sand sentrum i Suldal. Bileta kan berre sjåast om ein lyser på dei med spesielle blacklight-lommelykter. Ta med deg born og vaksne og legg ut på ei spannande oppdagingsferd etter mørkets frambrot..... Eit lite hint om kor de kan leita.... Eit lite hint om kor de kan begynna leitinga: Det er måla ein båt på ein av veggene på Ryfylkemuseet. Dei andre bileta er sprett ut på ulike bygningar som du finn om du går langs vegen frå museet til båthamna. Alle er måla på kvite eller lyse vegger, og ingen av bygningane er privathus. Det er sju bilete totalt. Lommelykt kan du få låne på Ryfylke Fjordhotel, Ryfylkemuseet og på Kulturhuset. Eit "Stavanger 2008"- prosjekt Dei usynlege bileta er laga av dei skotske kunstnarane Elaine Allison og Patricia Bray. Dei var i Suldal som gjestekunstnarar hausten 2007. Prosjektet er ein del av Kunstnarprosjekt Suldal og Stavanger 2008 Europeisk kulturhovudstad. |