Gratis fiskekort i Suldalslågen for ungdom!

Statkraft ynskjer å skape interesse for laksefisket blant ungdom og vil difor leige ut fiskerettane sine gratis til ungdom under 20 år i dei periodane Statkraft ikkje nytar dei sjølv. Grunneigarane disponerer sjølv fisket i heile sesongen frå kl. 20 laurdag til kl. 14 søndag. Det er difor ikkje aktuelt å låne fiskeretten i dette tidsrommet. Fisket i Suldalslågen varer fram til 30 september.
Fiskekort kan tingast tidlegast måndagen i den veka ein skal fiske hjå Tor Jørgen Jørgensen tel: / eller Neri Fisketjøn tel: /.

I samanheng med dette inviterer Statkraft saman Suldalslågen forvaltningslag og Suldal Jakt og Fiskelag til "Fiskedag"

TEMA:
- Lovar og reglar
- Praktisk innføring i bruk av utstyr
- Presentasjon av Statkrafts fiskevald

TID:
- Søndag 26. august kl. 13

STAD:
- Statkrafts fiskehytte v/Underbakke (rett attmed Lakseslottet Lindum)

Ta gjerne med eige utstyr dersom du har det.