Storaurefestival i Suldalsvatnet 2008

Laurdag 14. juni er det igjen klart for Storaurefestival på Nesflaten. Nytt av året er at "Suldalsdampen" også blir med på festivalen.
Kl. 16 går "Suldaldampen" frå Kolbeinstveit til Nesflaten, og undervegs er det mulegheit for å fiske/dorge. Kl. 19 går "Suldalsdampen" ein rundtur på Suldalsvatnet, med start frå Nesflaten.
Billettprisen er sett til kr. 100 pr person pr tur.

Program
Kl. 16 - 22: Fiskefestival frå Sentrumsbygget på
Nesflaten
Kl. 16: Tur med "Suldalsdampen" frå Kolbeinstveit til Nesflaten.
Kl. 19: Rundtur på Suldalsvatnet med "Suldalsdampen". Start frå Nesflaten.
Kl. 22: Veging og premiering

Deltakaravgift
Vaksne: kr. 100.
Born u/16 år: kr. 50.

Fine premiar!

Påmelding skjer ved Sentrumsbygget på Nesflaten.
Det er nokre båtar til utleige, men dei som ønskjer å prøve seg på dorgefiske bør ta med båt sjølv.
Det er mulegheit for camping på festivalområdet, og det blir sal av mat på ”Suldalsbeten”.

Arrangør: Suldalsvatnet grunneigarlag