Vatlandsvåg Gjestehavn på Ropeidhalvøya i Suldal




Båthamna i Vatlandsvåg. Foto: Vatlandsvåg handel

Kontaktperson:
Helge Naustvik
Telefon, kontaktperson:
52 79 61 00 (jobb), 97141349 (privat)
Adresse, kontaktperson:
Vatlandsvåg, 4235 Hebnes
E-post:
joker.vatlandsvag@ngbutikk.net
Internett:

http://vatlandsvag.no/


VHF-kanal:
Lokalisering/Stad:
Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya i Suldal
Posisjon:
N59 24.655, E006 1.419.

Maks djupgåande:
Innsegling:

Merknad til vindforhold:
Nei.

Tal på gjesteplassar:
15.
Pris pr. døger:
Kr. 100 for straum (viss ny brygge så tek me betalt for overnatting).

Fortøying:
Flytebrygge, uteliggere.

Attraksjonar:
Like i nærleiken av ferjeleiet på Hebnes står ein bautastein til minne om Torstein av Heimnes, ein av Ryfylkets største høvdingar. Skilta frå hovudvegen på Hebnes.
Bygdeborg på Rosseid/ Finnvik.

Merka turstiar:
Det er fleire merka turstiar i området: Grytenuten, rundt Grytevatnet, til klebersteinbrot og ”Nullen” (rundt Vatlandsvåg, 1-2 km). Lokalt turkart for Ropeidhalvøya.

Andre ting:
Det er fleire fiskemulegheiter i nærleiken - i Grytevatnet (fine småaure), fiske i sjø (sei, lyr, makrell, torsk), fiske i elv (laks og aure). Ca 700 m frå båthamna ligg det ein fotballbane og ein leikeplass (barnehage).

Årlege arrangement:
Vatlandsvåg Handel arrangere i juli kvart år "Halvøydag", som er ein marknadsdag for heile familien.

Fasilitetar i nærleiken:
Apotekutsal i butikk
Tipping
Bankautomat (uttak i butikk, kan betale med euro i butikk)
Bensin
Buss – 300 m, 2 ganger pr. dag
Båtutstyr (blåser, tau, redningsvest)
Daglegvare
Diesel
Dusj – 700 m frå kai
Ferskvatn
Kiosk (enkel gatekjøkkenmat i butikk. Ope i sommarferien)
Leikeplass – i barnehage, 700 m frå kai
Luftfylling
Miljøstasjon
Parkering
Postkontor (sel postkort, frimerke og enkle Norgespakkar)
Straum
Søppelcontainer
Telefonkiosk (kan låne telefon i butikk)
Toalett
Trådlaust internett
Vaskemaskin og tørketrommel- i butikken