Dei fleste forbinde vinterferie med snø og ski. Det har me store mulegheiter for i Suldal. I Gullingen-området er det mange oppkøyrde skiløyper, skileik og Gullingen skisenter. Du finn oppdatert informasjon om snødjupne og kva skiløyper som er preparert på: www.suldal-skiinfo.no. Her kan du også laste ned og skrive ut ditt eige løypekart.
Gullingen skisenter Nytt av året er Fun Park og kjelkekjøring ved Gullingen skisenter.
Fun Parken inneheld ulike rails som kan brukast av store og små.
Kjelkekjøring er også ein ein kjekk aktivitet for store og små. Du får leige kjelke. Vil du ta deg ein pause er det lagt opp til kveldskos i varmestova. I vinterferien er det lagt opp til kjelkekjøring 18., 22. og 25. februar kl 16.00- 21.00. Dei kveldane det er kjelkekjøring er det ikkje høve til å stå på ski. Vanleg kveldskøyring er det 20. og 24. februar, kl 17.00- 21.00. Vanlege opningstider er kl 10.00- 16.00. Sjå meir informasjon på www.gullingen.no.
Helga 18. - 19. februar blir det Gullingen Zporty Festival - Snøleik og konkurransar for barn og vaksne i to dagar til ende!
Sjå meir informasjon på www.zporty.no.
19.februar kl 12.00 er det NM i rumpebrett på Gullingen
Sjå meir informasjon på www.zporty.no.
Vinterferie på Ryfylkemuseet Ope alle kvardager kl. 09.00- 15.00
Utstillingar:
1. Det gode liv om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda
2. Kvitebjørnen
eventyrleg barneutstilling der barna får bli kjente med den spennande historia om Kvitebjørnen av Rasmus Løland. Etterpå kan dei vera med på ei eventyrleg ferd gjennom skog, borger, nordpol og til slutt kle seg ut i flotte kostymer for å gå på fest i sjølvaste kongsgarden. Ei utstilling som barna besøker igjen og igjen. I vinterferien også lansering av eigen leikekrok: leik som Rasmus!
Gratis inngang for barn under 16, vaksne kr. 50,- Løland kafé med enkel servering, godt utval av aviser, internett og Sands flottaste utsikt. Museumsbutikk med lokal litteratur, handverksprodukt og smykke. Arr: Ryfylkemuseet
Vinterferie på Kulturhuset Ope med kino og bowling dei fleste dagar.
Sjå nærare annonsering www.suldal.kulturhus.no
18. februar - 4 mars er det utstilling av Ingrid Welhaven i Kulturhuset.
Arr: Suldal kunstlag
Fjellføring
Kan du tenkje deg ein tur med ein erfaren fjellførar frå Suldal?
Topptur eller berre nokon som kan vise veg i vinterfjellet?
Pris frå kr. 290,- per pers.
Ta kontakt med Eventus på tlf eller sjå www.Eventus.no
Overnatting
Er du på jakt etter overnatting finn du fleire gode forslag under overnatting på menyen til venstre.
Velkommen til mykje moro i Suldal!
Sist oppdatert 04.02.2012
|