"Brødrene af Sand"




"Brødrene af Sand" til kai ved Ryfylkemuseet.
”Brødrene af Sand” er ei 150 år gammal restaurert Ryfylke-jekt og eitt av Noregs eldste flytande fartøy. I sommarsesongen ligg jekta til kai ved Nesasjøhuset på Sand, dersom ho ikkje er på tur. Kan leigast med mannskap. Kontakt Ryfylkemuseet eller sjå www.ryfylkemuseet.no for meir informasjon.