Skitur i Gullingen-området.
Foto: Rune Roalkvam.
|
På ski i Suldal
I Suldalsheiane kan du gå på ski utan å gå i kø. Vi har mykje plass å ta av!
På vinteren er det ca. 50 km med oppkøyrde skiløyper av ulik lengde, og alle kan finne ei langrennsløype som passar si form.
Skiløypekart vinteren 2011.
På ski i området rundt Gullingen og Mosvatnet
I området rundt Mosvatnet og Gullingen er det mykje å ta seg til enten du vil stå på slalåm, køyre telemark eller gå vanleg langrenn.
Lysløypa og flombelyst alpin- og skileikbakke gjer at ein kan nytta kveldane til uteaktivitetar også om vinteren.
Terrenget rundt Gullingen og Mosvatnet ligg mellom 500 og 1300 m over havet, og har lang vintersesong med sikre snøforhold.
På Suldal Miljøstatus sin nettstad finn du informasjon om snødjupne og oppkjøyrde skiløyper i Gullingen området.
Gullingen Turistsenter og Gullingen Skisenter
Gullingen Turistsenterer eit familievennleg skisenter med varmestove, skiutleige og vintercamping. Skitrekket er ope frå det kjem snø, og så lenge det er snøforhold til det. Skitrekket har T-krokar og 3 nedfartsløyper med ein høgdeforskjell på 175 meter.
Sjekk nettstaden til Gullingen Turistsenter for meir informasjon om opningstider av Gullingen Skisenter.
Preparerte skiløyper på Hamrabø Det er også preparerte skiløyper på Hamrabø.
Sist oppdatert 16.05.2011
|