Besøk eit levande museum - Kolbeinstveit Bygdetun




Stua på Kolbeinstveit.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Vaffel på fat på Kolbeinstveit.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.

Kolbeinstveit Bygdetun er ein storgard frå 1850-talet som ligg langs RV 13, om lag 5 km aust for Suldalsosen. I bygdetunet er det også fleire hus som er flytta til garden etter at tunet blei museum, m.a. Guggedalsloftet frå Bråtveit, som er den eldste bevarte trebygninga i Rogaland. Kolbeinstveit er ein av avdelingane til Ryfylkemuseet.

Eit levande museum med dyr og vertskap
Anlegget er eit levande museum i sommarsesongen, med vertskap og dyrehald.
Kolbeinstveit Bygdetun har ei fast utstilling om "Garden og folka" - ei utstilling som fortel om dei som har levd på Kolbeinstveit tidlegare, og korleis dei har brukt husa og utnytta ressursane på garden. 

Salsutstilling og mat på Kolbeinstveit Bygdetun
I løa på Kolbeinstveit har museet ei salsutstilling med lokal kunst- og handverk. Det er også mogleg å få kjøpt enkle lunsjretter og kaffimat.

Utstilling sommaren 2014: «Krossåkle i Suldal»
Ei utstilling om handverket og bruken, tradisjonelt, i nyare tid og i framtid.
Med denne utstillinga håpar vi å gi folk eit nytt syn på desse flotte tekstila, fortelje historia, spreie kunnskap og kanskje gi idear til nytt liv. Her blir det eksempel på korleis kunstnarar har latt seg inspirera av mønster og tradisjon frå krossåkle i sine kunstprosjekt.  Vi vil også vise nyare bruk av mønster og materiale, og løftar fram dei gamle tekstila i nye former gjennom re-design og gjenbruk.

Der vil også vera mange arrangement i samband med utstillinga gjennom sommaren. sjå: www.ryfylkemuseet.no

Sommarope 2016
25.6 – 14.8, kvardag kl. 11-17

Vaksne kr. 60, barn kr 30. Barn under 3 år gratis. .



Kolbeinstveit Bygdetun har ope for grupper utanom vanleg opningstid. Kontakt Ryfylkemuseet på tel. for meir informasjon.


For meir informasjon om Ryfylkemuseet - sjå nettstaden til Ryfylkemuseet.