Velkommen til gode dagar i Suldal!
Freistar det med kafe besøk, ein rusletur i gata eller kanskje ei utstilling?
![]()
Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.
![]()
Nysteikte vaflar på Bygdetunet Kolbeinstveit. Foto: Anne Lise Norheim
![]()
Leik i snøen.
Foto: Rune Roalkvam. |
Velkommen til Ryfylke, og velkommen til skattkammeret Suldal!
Her i Suldal har me eit stort utval av opplevingar, aktivitetar, overnattings- og serveringsstader for ein kvar smak heile året.
I kommunesenteret Sand finn du Suldal turistkontor, og eit godt handels- og servicetilbod. Me har med andre ord litt av kvart å by på, så ta gjerne turen innom!
I haust- og vinterhalvåret finn du Suldal Turistkontor i Næringsparken, Sandsvegen 134, på Sand. Me har ope måndag til fredag frå kl 08.30- 15.30.
|