Førjulsstemning i Suldal

Julemesse- Juleverkstad- Julegate- Jul i Mummidalen-  og Nissekveld.  Velkommen til ei triveleg førjulstid i Suldal!

Julestemning i Gata på Sand

Her er litt av det som skjer framover- velkommen til store og små!

Laurdag 19. november kl.10- 14.
SULDAL SAMFUNNSHUS: Julemesse
Arr. Lotterinemda i Suldal Samfunnshus

Laurdag 19. nov kl.12- 16.
Ellen Kalvig inviterar til Open Verkstad på Osen 10, Suldalsosen.
Dette er ein del av R Open- som har som mål å skape spesielle møte mellom kunstnarar og publikum. I år deltek 109 kunstnarar som syner sine arbeidsrom for publikum. 
 

Onsdag 23. november kl. 11.30
KULTURHUSET, SAND: LUNSJKONSERT MED DISTRIKTSMUSIKARANE
Gjenhøyr med musikk frå tidlegare lunsjkonsertar. Skriv ønsket ditt i ”Ønskeboka” som ligg på Kulturhuset. Fiolinist Xenia Berkova , fløytist Erlend Jordal og gjest frå Haugesund, pianist Marina Johansen
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Onsdag 23. november kl. 18.00
KULTURHUSET, SAND: JUL I MUMMIDALEN
Teater for barn ved Victoria Productions AS
Inngang: kr. 190,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Torsdag 24. november kl. 17.00
FOAJEEN PÅ GARANESET : JULEVERKSTAD
Laging av adventsstakar og julekransar.Aktivitetar for store og små.
Arr.. Krambua Blomster AS

Laurdag 26. november
GATA, SAND: JULEGATEOPNING
Fakkeltog, julegateopning og tenning av julegrana.Juleaktivitetar og servering av julegløgg i sentrum.Kjem nissen tru? Fakkeltog frå Rimi kl. 15.45.Tenning av julegran kl. 16. 15.
Arr.: Sandsgruppa

Laurdag 26. november kl. 12.00
KULTURHUSET, SAND: OPNING AV PEPARKAKEBYEN
Arr.. Kulturhuset i Suldal


Laurdag 26.november kl. 09.30
SAND SKULE: JULEMESSE FOR NORMISJON
Arr.: Normisjon

Laurdag 26. november
kl. 11.00-15.30
NESASJØHUSET, SAND: FØRJULSSTEMNING PÅ RYFYLKEMUSEET
Juleservering i Løland kafé og sal av flotte  julegåver i museumsbutikken
Kl. 13.00:
HISTORIEFORTELJING I ”KVITEBJØRNEN”
for born frå 3 år og oppover. Inngang: kr. 30,-
Arr.: Ryfylkemuseet

Laurdag 26. november kl 20.00
KULTURHUSET, SAND: GISLE BØRGE STYVE TRIO
Melodisk, inkluderande, utadvendt og humoristisk,
Helge Harstad, Per Willy Aaserud og Gisle Børge Styve. Me gler oss til eit gjensyn med Gisle Børge Styve, kjend frå Beat for beat på NRK.
Inngang: Vaksne kr. 220,- barn kr. 110,- og honnør kr. 110,-
Arr.: Kulturhuset i Suldal

Torsdag 1. desember kl. 18.00
KOLBEINSTVEIT, SULDAL: NISSEKVELD
Servering av graut og saft
Inngang: kr. 80,-
OBS! Påmelding til ashild.overland@ryfylkemuseet.no
eller på tel. 52 79 29 50
Arr.: Ryfylkemuseet

Torsdag 1. desember kl. 18.00
KULTURHUSET, SAND: SPØTAKAFE
- Tema: Me strikkar julekrybbe
Arr.: Suldal Husflidslag

Torsdag 8. desember kl. 18.00
NESASJØHUSET, SAND: INTERNASJONAL KAFÉ
Sal av internasjonal mat
Gratis inngang
Arr.: Ryfylkemuseet

Torsdag 15. desember
TA JULEHANDELEN I SENTRUM - NATTOPE
Juleaktivitetar og julemoro i Gata.Butikkene har ope frå kl 10.00 til kl. 23.00.
Arr.: Sandsgruppa