Statkraft åtvarar om utrygge isar
Isen kan vere utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Ulla Førre.
Vasstanden i Blåsjø er denne vinteren lågare enn normalt, og dette har bl.a. medført at magasinet no er oppdelt i fleire vatn. Mellom desse er det til dels stor vassføring og svært usikre isforhold. Dette gjeld også smale sund, innløp og utløp frå overføringstunnelar. Randsona magasin- land ( område med fare for sprekker mellom isblokker) strekkjer seg difor langt inn på land denne vinteren. Dersom du ynskjer meir informasjon så kan du ta kontakt med Statkraft Ulla Førre v/ Kjell Ove Nærheim, tlf. 952 34 351.
Du kan også ta ein kikk på NVE sine iskart www.nve.no/svekketis.no |