Besøk Rosebua på Lølandstunet i Vanvik i Suldal




Rosebua på Løland i Vanvik i Suldal.
Foto: Jan Nordtvedt.
Rosebua på Løland i Vanvik i Suldal.
Foto: Jan Nordtvedt.
Rosebua på Løland i Vanvik i Suldal.
Foto: Jan Nordtvedt.
Barnebokforfattaren Rasmus Løland (1861-1907) blei fødd i Vanvik i Hylsfjorden. Heimstaden ligg i dag som ein tunformasjon og er stort sett den same som då Rasmus Løland vaks opp. Rosebua, som er ein viktig kulturhistorisk bygning i Rogaland, er ein sentral del av dette tunet. I 1923 vart Rosebua freda.


Kontaktinformasjon for Rosebua

Ved ønskje om omvisning i Rosebua kan du ta kontakt med
Tone Jofrid og Lars jr. Løland på tel: (+47) 52 79 42 62, eller Ingeborg og Lars Løland på tel: (+47) 52 79 42 39.


Litt historikk om Rosebua

Rosebuå vart bygd kring 1650 og var stashuset og gjestebodshuset i Lølandstunet. Bua er sentralt plassert midt i tunet. Huset skal ha vore bygd av folk med kompetanse på kyrkjebygging. Det kan ha vore dekorert alt då, kring 1650, men dagens dekor er av hallingen Lars Aslaksen Trageton i 1798. (Han budde sidan på Nedstrand strandstad). Oppdragsgjevaren var den store og mektige Torjus Hadlesen Løland, som blant anna åtte halve Saudakyrkja med jordegods. Men store "bausar" var dei mange på Løland gjennom tidene.
I Rosebuå samlast dei gjeve bøndene i Hylsfjorden og drakk øl av sølvkanner (store sølvkrus). Difor vert Hylsstrannå kalla Sølvkannestrannå. Sølvet var den store symbolfaktoren i fjorden, og spesielt sølvkannene. Der kunne vera fleire på kvar gard. I dag er det berre att 3 av dei. Det var òg rosebuer på fleire av gardane, men berre Lølandsbuå står att. Buene vart rivne i samband med moderniseringsprosessen på slutten av 1800-talet. Bonden på Indre Bjerga reiv bua med orda - det der er berre nokre apekattstreker. Men så var han heller ikkje frå fjorden opphavleg, men frå Sjernarøyane. Mange sølvkanner vart seld til slue oppkjøparar av antikviteter på same tida. Lars Larssen Løland, bror til Rasmus Løland, hegna derimot om si rosebu. I Rosebuå på Løland er det òg mange aviser arkivert, aviser attende til 1880-talet. Det vitnar om det opplyste og ressursrike samfunnet i Hylsfjorden.


Finn plasseringa av Rosebua på eit kart!


Meir informasjon om Rasmus Løland og hans forfattarskap


Meir informasjon om Stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007 - 2011