Jernaldergravfeltet på Ritland i Suldal
Jernaldergravfeltet (300-1050 e.rk.) på Ritland i Suldal er med sine 40-50 gravhauger det største i Rogaland. Gravhaugane ligg på ei fin sletta ned mot Suldalslågen, ikkje så langt frå Kvednahola. Tidlegare låg her fleire haugar på begge sider av riksvegen. Nokre av haugane vart granska i 1896 av N. Nicolaysen, den første antikvaren i Norge. Han fann både brende og ubrende graver med enkle gravgåver - mest leirkar. På den lågare terrassen ned mot elva ligg restane av eit ringforma tunanlegg truleg frå eldre jarnalder. Det vart oppdaga i 1975. Frå før kjenner ein fem slike tunanlegg i Rogaland. www.fornminner.no/Kommuner/suldal.htm |